Nye tenester for ei meir brukarvenleg verd? 0

Informasjon på nettet var tidlegare prega av å vera statisk og sentralstyrt medan den i dag er langt meir dynamisk og distribuert. Korleis gjer dette verda meir brukarvenleg for oss alle?

Deling av meiningar

blogger Omgrepet ”blogg” vert brukt om ein nettstad der ein eller fleire forfattarar ytrar sine synspunkt om kva som helst.

Bloggar kan gjere verda meir brukarvenleg for alle som har noko på hjartet, fordi det er lettare å laga ein blogg enn ein vanleg nettstad. Bloggar gjer oss brukarvenlegheitsspesialistar betre ved at me kan:

Deling av lyd
Podcasting er publisering av digitale lydfiler med radioliknande innhald. Dersom ein legg ut ein podcast gir ein bort innhaldet, ved at brukaren kan lasta det ned på sin eigen datamaskin, høyra på det der eller ta det med på til dømes ein iPod.

Ein kan velja kvar og kva tid ein vil høyra på eit program, og ved å abonnera på “feeds” for ulika podcastar kan ein automatisk få lasta ned dei programma ein er interessert i. Mange podcastarar og me som lyttarar har oppdaga at det er svært vanskeleg å laga gode podcastar. Det er svært få podcastar innan brukaropplevingar som har blitt noko meir enn ein episode. Sjå podcastar om Usability på podcast.net

Deling av kunnskap
Blant kunnskapsdeling på nettet er det nettbaserte leksikonet Wikipedia det mest utbreidde. Wikipedia er gratis å bruka og opent for alle til å leggja inn og redigera artiklar. Samstundes har nettleksikonet ei høg grad av sjølvjustis; om ein les ei sak og ikkje er einig i det som står der, kan ein foreslå å endra det. På denne måten vil validiteten til sida oppretthaldast.

Aspektet ved Wikipedia som gjer at det vert så mykje brukt, er at ein òg kan finna typar av informasjon som ville hatt for marginal interesse til å verta publisert i eit papirleksikon. Her finn ein til dømes fyldig informasjon om det noko merkelege produktet Pepsi Cappuccino, og med lenke til ei lang liste over alle tidlegare feilslåtte produktversjonar av Pepsi. Før ein startar ei lang og dyr produktutvikling kan det vera svært lurt å søka på product failures på Wikipedia.

Skriv en kommentar

  • *
  • *

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Mest lest

Tid for ømhet

Det hjelper lite med kurs og kompetanse hvis vi ikke har tid. Juristen skriver dårlig, vi sender ham på skrivekurs. Saksbehandlerne eier ikke språkøre, vi arrangerer et kurs i nettskriving. [...]

  1. Prototyping i Xcode
  2. Slik jobber du strategisk med innhold
  3. Ett år og fortsatt grønnskollinger
  4. Denne våren skal du kle deg i responsiv design

Sist kommentert

Bruk nettstedsøket til å forbedre innholdet ditt

Lou Rosenfelds syv tips til hvordan du kan forbedre innholdet ved hjelp av nettstedsøket.

  1. Slik jobber du strategisk med innhold 2
  2. Effektiv bruk av brukarprofilar 6
  3. Prototyping i Xcode 1
  4. Slik jobber vi i Netlife 2