Skifte beite? Gresset er grønnere hos oss
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
iAllenkelhet er firmabloggen til Netlife Research. Vi lager slanke, lettstelte og effektive interaktive løsninger som gjør at du oppnår dine mål og får fornøyde brukere.
Jesse James Garrett er mannen som skapte Ajax-hypen og som gav fagmiljøet ein enkel modell som for samarbeid på tvers. Vi møtte han mellom slaga på Guru-seminaret, og fekk mellom anna vite suksessformelen bak Adaptive Path.
På biletet ser du Jesse James Garrett til venstre og Are Halland under Guru-seminaret
Han har ikkje sjølv tal på kor mange gangar han har presentert modellen ”The Elements of User Experience” (sjå det originale PDF-diagrammet eller kjøp boka) for ulike forsamlingar rundt om i verda. Men trass i presentasjons-slitasje og tungt jetlag leverte han varene og vel så det for eit utsolgt guru-seminar.
Kommunikatøren
I min eigen smått panegyriske forhåndsomtale for Dataforeningen omtalte eg Jesse mellom anna som ein som har ”skjønt alt” – på linje med Neo i The Matrix – og som også evner å formidle sine innsikter på ein lettfatteleg måte. Men eg er ikkje aleine om å skryte av kommunikatør-eigenskapane til JJG; nylig mottok han også Wired sin Rave Award for arbeidet sitt med Ajax.
- Gjennom modellane dine og ikkje minst gjennom å ”sette ord” på Ajax framstår du som ein ekte Kommunikatør; ein som fører saman ulike fagmiljø gjennom å gje dei verktøy for å kommunisere. Kordan endte du opp med å ha ei slik rolle?
- Alt dette har stort sett kome ut av mine behov for å løyse mine eigne problem i min eigen arbeidskvardag. For å kunne lage gode interaktive produkt i fellesskap er vi avhengige av å kunne kommunisere presist. Om eg har lært ein ting gjennom mitt arbeid, så er det at jo meir eg deler av min kunnskap, jo meir lærer eg av andre. Folk som les og finn interesse i mine artiklar og modellar, tek kontakt for å dele sine eigne perspektiv, og det er denne typen kommunikasjon som driv fagfeltet framover.
Delingskultur
- Ja, for det er ein ganske fantastisk delingskultur i det internasjonale fagmiljøet, med tanke på arbeidet til organisajonar som IA-instituttet, UXnet og gjennom den enorme mengda av bloggar og magasin som omhandlar faglege problemstillingar frå ulike perspektiv?
- Nettopp! Eg gjer jo ikkje dette i isolasjon – eg føler meg som ein del av noko som er større enn summen av enkeltdelane. Og denne delingskulturen er også heilt nødvendig for fagmiljøet. Å forme eit nytt medium – det kraftigaste mediet vi har sett til no – er ei krevande oppgåve. Det krever store mengder kollektiv energi, det krever modning over tid og ikkje minst krever det veldig mange forskjellige perspektiv. Og dette siste er kanskje det som gjer det ekstra givande å drive med alle desse foredraga; det at eg får anledning til å utveksle perspektiv med t.d. folk utanfor USA.
Gamle feil
- Nye medier har jo historisk sett ein tendens til å kopiere dei foregåande mediene. Kva meiner du vi har kopiert i blinde frå gamle medier til nettet?
- Vel, mange trur framleis at Internett først og fremst handler om elektronisk publisering, men eit slikt perspektiv tek ikkje inn over seg dette mediet sine muligheiter til å t.d. levere meir dynamiske opplevingar. Det paradigme-skiftet vi no er i ferd med å sjå med interaksjonsprinsippa bak Ajax er berre ein del av dette biletet. Alt snakket om web2.0 representerer også ein aukande bevisstheit om at vi ikkje lengre er i publiseringsindustrien.
- I presentasjonen din gav du fleire sidespark til 37signals og den forenkla utviklingsfilosofien dei forfektar gjennom boka Getting Real?
- Misforstå meg rett: Det er ingenting gale med noko av det 37signals gjer. Arbeidet deira er ekstremt inspirerande, men det er ikkje dermed sagt at alt dei seier kan brukast universelt. 37signals har eit “garage rock band appeal”, og forfekter ei forestilling om at du kan få til kvasomhelst hvis du berre har nokre talentfulle folk i ein kjellar med nokre enkle instrument. Og det kan du for så vidt, men skal du framføre ein symfoni krevst det andre tilnærmingsmåtar.
Navigasjonsoverlast
- Eg sit med ei kjensle av at vi informasjonsarkitektar til tider gjer oss skuldige i å legge inn for mange navigasjonselement inn i grensesnitta våre, med navigasjonsstiar, globale og lokale menyar og fint lite plass til overs for innhaldet?
- Personleg går eg vanligvis gjennom ein fase i prosessen der eg ser at eg har for mange navigasjonselement i grensesnittet mitt. Utfordringa er å ta seg tid i prosessen til å fjerne alle unødvendige element, slik at berre det som er tvingande nødvendig gjenstår.
- Ikkje alle oppgåver er like. Navigasjonsoverlast oppstår når alle oppgåver i grensesnittet framstår som like viktige. Å løyse problemet krever ein djup forståelse av prioritering i det enkelte prosjekt.
Suksessformelen
– Adaptive Path har hatt ein voldsom suksess gjennom banebrytande prosjekt og stor grad av kunnskapsdeling. Kva er hemmelegheita?
- Det eg likar aller best med AP er kordan vi heile tida utfordrar kvarandre til å yte enda betre. Samtlege i Adaptive Path har eit høgt ambisjonsnivå og høge standardar. Vi stiller heile tida spørsmål ved kvarandre sine tankar og “assumptions”, og som eit resultat av dette klarer vi alle å strekke oss litt lenger. Konstruktiv krangling er svært sunt for eit fagmiljø.
- Så konstruktiv krangling er rett og slett nøkkelen til APs suksess?
- Ja. Om det finst ein suksessformel for AP så er det at vi er villige til å bruke tid og energi på å argumentere, på å lytte til andre og ikkje minst på å dele det vi finn med resten av fagmiljøet.
Produktutvikling
– 37signals har jo gått frå konsulentverksemd til produktutvikling, og Adaptive Path har tatt steg i same retning med MeasureMap som de nettopp selde til Google. Kjem det fleire produkt frå Adaptive Path framover?
- Definitivt, vi eit antal idear for produkt vi kunne tenke oss å lage. Men prosessen med å utvikle MeasureMap, og ikkje minst alt oppstyret rundt salget til Google, var ei såpass intens oppleving for oss som selskap at vi no har behov for å la ting synke litt. Så vi har roa ned produktutviklingstempoet noko, men vi har planar…
Ajax-monsteret
– Kva med Ajax? Har du rett og slett sluppe laus eit monster, med tanke på nokre av dei mindre brukervennlege tenestene vi etterkvart ser eksempel på?
- Det er heilt openbart at med denne nye teknologien, så vil det bli gjort ein rekke uheldige valg. Teknologien vil bli brukt på måtar som ikkje er til beste for brukaropplevinga. Med tida vil vi lære kva som er dei gode mønstra for bruk, men det vil ta tid. Dersom eg visste kva eg skulle advare mot, ville eg kanskje gjort det. Men foreløpig må vi berre vente og sjå, og la innovasjonsprosessen gå sin gang.
- Jostein Magnussen måtte slite litt for å kome opp med ein handfull norske ajax-eksempler til sin gjennomgang. Kan dette tyde på at Norge er i ferd med å sakke akterut i utviklinga?
- Det er openbart at design- og utviklermiljøet er mindre i Noreg enn USA, men mitt inntrykk er at fagmiljøet på ingen måte henger etter av den grunn. Eg har hatt mange gode diskusjonar med spennande personar, som har vist høg grad av refleksjon. Og publikum i salen har vært sofistikert, med mykje energi og aktivitet.
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
Brukervennlighet vs. Sikkerhet er en unyttig kamp. Ofrer du brukervennligheten så senker du den faktiske sikkerheten. Er det på tide å legge boksehanskene på hyllen?