The Return of Webdagene 1

Webdagene - Lønnsomme brukeropplevelserEndeleg har vi alle detaljane på plass og kan gå ut med det fullstendige programmet for Webdagene 2006: to dagar til endes med “alt du trenger for å drive et effektivt nettsted anno 2006”.

Underteikna og Ove Dalen frå Origo har lagt ned mykje energi på å sette saman eit tettpakka program som dekker eit vidt spekter av relevante tema for “deg som har ansvar for et nettsted eller intranett”. Vi dekker det meste frå webstrategi, personas og scenarier, via søk, innhaldsutvikling og skrivetips til webanalyse, konvertering og søkemotoroptimalisering.

Kvifor arrangerer vi webdagene i samarbeid med Origo? Mange hugsar kanskje at IBC Euroforum arrangerte “web-dagene” i 2005 og før det “webmaster-dagene” i 2004. Både eg og Ove var foredragsholdarar på desse evenementa, og IBC var såpass fornøgde at dei i år henvendte seg utelukkande til oss for å sette saman årets program.

Problemet var berre at idet vi hadde satt saman programmet og var klar til å gå ut med marknadsføring, la IBC Euroforum like godt ned heile verkesemda si i Noreg! Eg og Ove hadde imidlertid allereide lagt ned ein betydelig innsats i programmet, og syntes det ville vere reint for gale å ikkje la opplegget kome målgruppa til gode. Håpet er at webdagene kan bli ein årleg happening der vi samarbeider med andre gode krefter for å spre bodskapen om god web-kommunikasjon.

Så hold av torsdag 26. og fredag 27. oktober 2006. Håper vi ser deg også på webdagene!