Presentasjonar frå Webdagene 8

Webdagene 2006 er historie. Godt og vel 60 webkommunikatørar sette kvarandre i stemne over to dagar med underteikna og Ove Dalen frå Origo som faglege guidar til god webkommunikasjon.

Jevnt over har konferansen fått gode tilbakemeldingar, som Ove har oppsummert borte på nettskriving.no. Per-Erik Skramstad har ei god oppsummering på sin blogg, og Adwords-guru Karl-Philip Lund gir like godt konferansen terningkast seks. Tusen takk ;-)

Sjølv om vi har fått skryt for presentasjonane, var den største verdien av konferansen dei gode og interessante diskusjonane mellom 60 fagleg oppegåande web-kommunikatørar.

Desse diskusjonane vil vi svært gjerne fortsette her på bloggen, og vi har difor valt å legge ut samtlege presentasjonar frå webdagene fritt tilgjengeleg. Nytteverdien av å legge ut presentasjonsmateriale kan kanskje diskuterast, men her er til beste mine fire presentasjonar frå Webdagene 2006:

Ove vil også legge Ove har også lagt ut sine presentasjonar borte på nettskriving.no.

Men fortel oss no: Var du på webdagene? Har du kommentarar til presentasjonane? Og ikkje minst: Har du innspel til korleis vi kan gjere Webdagene 2007 til eit endå betre arrangement?