UI12: 8 bruksområder og 8 fallgruver ved bruk av Ajax, Flash og andre fancy teknikkar 0

Ekstrem frustrasjon eller ekstrem nytelse? På siste dag av konferansen viste sjefen sjølv, Jared Spool, fram gode og dårlege eksempel på bruk av Ajax, Flash o.l. Spool meinar det ikkje er noko særlig forskjell på kva man kan få til med Flash og Ajax.
Han innleia med å skildra eit brukarvenlegheitsspekter som går frå ekstrem frustrasjon til ekstrem nytelse. Ofte lagar me design som hamnar ein stad i midten etter at ein har plukka bort dei største frustrasjonselementa med gjentatte brukertester. Korleis kan ein så bruka fancy teknikk for å nærma seg den ekstreme nytelsen? Jared ramsar opp 8 punkter:

  1. Unngå at heile sida må lasta på nytt.Kayak.com oppdaterar informasjonen om dei ulike flyavgangane seg umiddelbart når ein vel vekk ein flyplass eller endrer tidspunkt. Prøv et søk.
  2. Gjera bruken meir effektiv. Bruk den informasjonen du har om brukaren din og gjer vegen mot målet kortast mogleg. Ha enkel innlogging og la brukaren kjøpa med eit klikk hvis de allereie er registrert
  3. Skapa merksemd. Eksempel frå klesbutikken Landsend.com, der ein kan få sjå klesplagget i alle dei utvalgte fargane ved hjelp av Flash/Ajax.
  4. Arbeida utan å vera tilkobla nettet. Ved å la brukaren òg få nytta typiske webapplikasjonar når dei ikkje er tilkobla nettet får ein utvida brukaropplevinga. Eit eksempel her er GoogleReader, som òg fungerar når ein ikkje er tilkobla nettet.
  5. Få ein interaksjon som liknar på den ein har på applikasjonar. Ved bruk av Ajax/Flash eller lignande kan ein få til interaksjonar som dra og slipp, markera fleire element samstundes o.l. Dette vil gjera brukaropplevinga rikare.
  6. Kunna få opp meir informasjon utan å avbryta flyten i ein prosess. Ved å bruka ekspanderande vindu/panel for å få opp relevant informasjon slepp ein å gå ut av den prosessen ein er inne i.
  7. Unngå feil. Ved å validera opplysningar som brukaren legg inn i same stund, unngår ein at dei legg inn feil eller ugyldig brukarnamn, telefonnummer o.l. Blinksale.com har ein kul funksjon for å sjekka om brukarnamnet er ledig etterkvart som ein skriv inn i feltet.
  8. Visualisera. Skal du til dømes visa fram store datamengder kan ein bruken av Ajax/Flash gjera brukaropplevelsen betre. I NYtimes har dei visualisert ein komplisert graf, som viser statistikk over home runs, på ein elegant måte.

Ved å følja råda ovanfor kan ein koma nærmare den ekstatiske bruksopplevinga. For å unngå at det tippar over bør ein forsøka å ikkje gå i desse fellene:

  1. Bryta Fitts lov. Ikkje bruk små knappar og andre element for å trigga handlingar. Meir om Fitts lov finn du i Gjermund sin bloggpost.
  2. Usynleg innahald og funksjonar. Brukaren må sleppa å tippa seg fram til korleis han skal bruka sida di.
  3. Manglande affordance, dvs. at dei ulike interaksjonane ikkje er synlege. Litt nede på denne sida hos Elantisystems.com ser du eit godt eksempel på korleis ein ikkje bør visa fram informasjon. Det som ser ut som eit bilete inneheld ekstra informasjon om tenestane når ein fører musepeikaren over.
  4. Misbruk av animerte overgangar. Nettsida til Brown University har tatt denne heilt ut. Her dukkar informasjon opp og forsvinn i stor fart.
  5. Skugga for kjerneinnhaldet. Dersom ein viser fram tilleggsinformasjon på ei kjerneside ved dynamiske pop-up vindauge eller liknande kan desse føra til at det viktigaste innhaldet kjem i bakgrunnen.
  6. Ignorera eksisterande mentale modellar. Mentale modellar frå andre delar av dataverda vert med inn på web´en óg. Desse bør ein halda seg til. Ikkje lag for kreative interaksjonselement.
  7. Tåpelege animasjonar. Dersom ein slettar bilder i Flickr(i alle fall i den versjonen som Jared Spool viste fram) vert dette animert med ein atomeksplosjon. Eg seier ikkje meir…
  8. Redusert plass til innhaldet. Dersom ein skal dytta alt innhaldet inn i eit dynamisk pop-up vindauge vert plassen begrensa og det viktige innhaldet kan bli kutta for mykje.

Så sett i gang og ta brukaren nærere ekstase!

Skriv en kommentar

  • *
  • *

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Mest lest

Tid for ømhet

Det hjelper lite med kurs og kompetanse hvis vi ikke har tid. Juristen skriver dårlig, vi sender ham på skrivekurs. Saksbehandlerne eier ikke språkøre, vi arrangerer et kurs i nettskriving. [...]

  1. Prototyping i Xcode
  2. Slik jobber du strategisk med innhold
  3. Ett år og fortsatt grønnskollinger
  4. Denne våren skal du kle deg i responsiv design

Sist kommentert

Bruk nettstedsøket til å forbedre innholdet ditt

Lou Rosenfelds syv tips til hvordan du kan forbedre innholdet ved hjelp av nettstedsøket.

  1. Slik jobber du strategisk med innhold 2
  2. Effektiv bruk av brukarprofilar 6
  3. Prototyping i Xcode 1
  4. Slik jobber vi i Netlife 2