Nettavisene vs søkemotorane – ein tapt kamp 1

I dagens Aftenposten (side 5 i Kultur-bilaget) kommenterer underteikna og Kaija Ommundsen i Sesam nettavisene sitt anstrengte forhold til søkemotorer.

Bakgrunnen for kommentaren er m.a. World Association of Newspapers sin pågåande kamp for å stenge Google ute, og Mediebedriftenes landsforbund sine jevnlige slagsider mot Google News.

Heldigvis verkar det som mange norske nettaviser ikkje deler synspunkta til WAN og MBL, men tvertimot ønsker trafikken velkommen.

Det skulle jo også berre mangle. Å stenge ute dei største trafikkdrivarane er å grave sin eigen grav.

Nettavisene har ingenting å tene på å stenge ute søkemotorar og nyheiteaggregatorar som Google News.

Dei bør derimot ta i mot trafikken med åpne armar, og ta utfordringa med å bygge nye og betre forretningsmodellar.

Nettavisene står overfor langt større utfordringar i tida framover enn at lesarane finn fleire og betre vegar inn til innhaldet.

Les heile kommentaren her: Stenger leserne ute.