Skrifttypar på nett – Future of Web Design 0

Future of Web Design i London ga Mark Boulton oss innspel om kva skrifttypar ein bør velja på nett. Eit fint tillegg til punktet om “Val av skrifttype” i den tidlegare bloggposten min  7 tips for god typografi på nett.

99% av alle skrifttypar er designa for trykk og ikkje for bruk på nettet. Skrifttypane har som regel blitt utvikla til eit særskilt føremål – meir om historia til mange av dei vanlege fontane. Times New Roman vart i si tid designa for å kunna trykkast fort på dårleg papir og hadde derfor skarpe seriffar som skulle blø ut på papiret. Det er ikkje ein skrifttype for nettet i utgangspunktet sjølv om den ofte vert nemnt som nettsikker fordi den finst på dei aller fleste datamaskinar.

Under ser du eit døme på ein nettstad, www.seedconference.com som utelukkande har brukt Times New Roman og likevel fått eit godt resultat. Dei har ikkje brukt skrifta i så litan storleik så då fungerar den bra likevel – det handlar å ta omsyn til eigenskapane til den skrifttypen ein har valt.

times_new_roman-pa-nett

Georgia er ein Microsoft skrifttype designa for bruk på nett (laga av Matthew Carter) og har store seriffar som skal gjera den lettare å lesa på skjerm. Her vart òg nettversjonen av skrifta laga før ein laga trykketypen. Microsoft har òg laga andre skjermskrifttypar som Cambria og Calibri som vart laga for Vista.

Eit nyttig verktøy finn du på 24ways.org (adventskalender for nettnerdar) der det er laga ei skrifttypematrise som viser kva skrifttypar som er tilgjengelege på kva for nokre operativsystem.

Foreløpig er det ikkje så mange skrifttypar å velja mellom som er særskilt tilpassa nett og som finst på dei fleste maskinar, men eg trur heller ikkje det bare er det det står på. Etter at du har valt skrifttype er det alle dei andre justeringane du kan gjera med storleik, mellomrom, linjelengde, linjeavstand og kontrast som avgjer om resultatet ditt vert bra.