Elmer 2.0 møter Web 2.0 20

Elmer står for enklare og meir effektiv rapportering og er eit sett med skjemaretningslinjer for det offentlege. Elmer inneheld både layoutkrav og pedagogiske krav (krav til språk, formuleringar o.l) og er grunnen til at skjema frå det offentlege ser ganske like ut. I mange tilfeller trur eg at Elmer-retningslinjene verken gjer det enklare eller meir effektivt å fylla ut offentleg skjema. Det er på høg tid at Elmer møter Web 2.0 og lar seg inspirera. Så, først nokre tips og triks frå Web 2.0-skjema og så er det Elmer-skjemaet sin tur til å få gjennomgå.

Ledetekstar

Toppjusterte ledetekstar er det som er mest effektivt. Bruk det om du ikkje har nokon særskilte grunnar til å la vera. Det gjer det enklare å skriva lengre og meir forklarande ledetekstar. Under er skjema henta frå Origo.no

Registreringsskjema på origo.no
Registreringsskjema på origo.no

Høgrejusterte ledetekstar (høgrejustert inntil feltet) kan funka. Det krev mindre vertikal plass, men gjer det vanskelegare å skanna raskt gjennom skjemaet på grunn av ujamn venstrekant. Yahoo har gjort dette betre med å gruppera felta med skannbare overskrifter.

Registreringsskjema på Yahoo
Registreringsskjema på Yahoo

Venstrejusterte ledetekstar bør i hovudsak ikkje brukast. Dersom det er uvanlege/ukjente opplysningar som skal inn kan det vera ei løysning sidan det gjer det lettare å skanna gjennom alle ledetekstane for å få oversikt over kva det vert spurt etter.

Skjema frå Hotels.com
Skjema frå Hotels.com - ikkje eit eksempel til etterfølgjing

Nødvendige felt

Tenk over kva opplysningar du må ha og kva du bare synst er kjekt å ha. Dess færre felt du har, dess mindre brukar du av tålmodet til brukaren din. Der brukaren må logga seg inn eller registrera seg er det viktig at dette ikkje kjem i vegen for at brukaren får gjort det han skal. Amazon har løyst dette fint ved å la brukaren få fortsetja med handlinga si og så la han oppretta passord seinare.

Innlogging på Amazon
Innlogging på Amazon

Dersom det er fleire opplysningar du ønskjer, bør du la brukaren registrera seg raskt i første omgang og heller la dei leggja inn fleire opplysningar i etterkant. Slideshare lar deg opprett ein brukar med brukarnamn, epostadresse og passord. Går du inn og ser på profilen din seinare så får du mogleik til å leggja inn fleire opplysningar med ein indikator på kor komplett profilen din er.

Profilside på SlideShare
Profilside på SlideShare

Valfrie/obligatoriske felt

Regelen her er enkel og grei; marker dei felta det er færrast av – enten med “Valfritt” eller “Obligatorisk”. Eksemplet under er frå eit påmeldingsskjema frå våre eigne nettsider der dei to felta som er valfrie å fylla inn er markert.

Hjelpetekstar

Når hjelpeteksten nærmast er nødvendig for å fylla ut skjemaet bør den alltid vera tilgjengeleg og stå i tilknytning til feltet. Storebrand brukar slike hjelpetekstar i forsikringsløysninga si.

Skjema frå Storebrand skadeforsikring
Skjema frå Storebrand skadeforsikring

Der det er mykje hjelpetekst kan ein la det aller viktigaste vera synleg og lenka inn til ein light box for å få opp meir informasjon, som i eksemplet nedanfor frå Ebay.

Skjema frå Ebay
Skjema frå Ebay

Særs viktig for hjelpetekstar er å fjerna dei som er unødvendige. Med eit kritisk blikk på eit Elmer-skjema hos ein kommune, så er noko av problemet at mogleiken for å gi hjelpetekstar vert brukt der det ikkje trengst og skjult bak eit i-ikon. Dette førar til ekstra klikking for ingen hjelpande informasjon, som i skjemaet nedanfor der hjelpeteksten til “Telefon dagtid” ikkje gir meir meining.

Utdrag frå Elmer skjema
Utdrag frå Elmer skjema

Innskrivingsfelt

Lengda på feltet skal kommunisera kva opplysningar som skal inn, t.d at eit postnummerfelt ikkje treng å ha plass til fleire enn 4 siffer. Har du mogleik bør du òg validera opplysningane som vert skrivne inn etterkvart, så unngår du at brukarane skriv inn feil og må gå tilbake i skjemaet i etterkant. I eksemplet under frå Newsvine.com sjekkar dei umiddelbart om brukarnamnet eg ønskjer er tilgjengeleg.

Registrering av brukar på Newsvine.com
Registrering av brukar på Newsvine.com

Navigering i skjema

Uansett om skjemaet er over fleire sider eller ei så må det vera tydeleg kva som er primæraksjon og kva som er sekundæraksjon. Aksjonar som Lagre, Send inn eller Gå vidare bør vera store knappar. Avbryt, Gå tilbake og Tøm skjema bør vera små lenkjer. Godt eksempel frå BaseCamp i skjermbiletet for å oppretta ein ny milepæl; stor knapp for å laga milepælen og lita lenkje ved sida av for å avbryta.

Oppretting av milepæl i BaseCamp
Oppretting av milepæl i BaseCamp

Eit eksempel på korleis ein ikkje bør gjera det finn ein hos NAV der ein skal bestilla Europeisk helsetrygdekort. I tillegg til at knappane ser heilt like ut er Nullstill-knappen plassert der ein vanlegvis blar seg vidare til neste side. Eg måtte prøva eit par gangar før eg fekk det til.

Bestillingsskjema for helsetrygdekort
Bestillingsskjema for helsetrygdekort

Gjer det meir moro

Det er vel dei færraste som fyller ut skjema fordi dei synst det er moro i seg sjølv. I dei aller fleste tilfella er skjemaet noko ein må gjennom for å få gjort det ein skal. Då kan det vera fint å gjera opplevinga bare litt betre med humor. Som å skulda advokatane for at ein må akseptera avtalevilkåra hos TurboTax i eksemplet nedanfor.

Akseptering av avtale på TurboTax
Akseptering av avtale på TurboTax

Registreringsskjemaet hos Ethnio gjer at humrar medan ein fyller det ut. Mange fine kommentarar/hjelpetekstar nedover – utan å forkludrar enkelheiten i skjemaet. Kommentaren på val av tidssone er min personelege favoritt.

Registreringsskjema hos Ethnio
Registreringsskjema hos Ethnio

Redesign av Elmer-skjema

Skjemaet under er eit typisk Elmer-skjema frå ein norsk kommune (skjemaet er ekte og vart funne på nettet.) Poenget er ikkje å henga ut nokon, så for høvet er det anonymisert.

Skjema for å søkja på stilling
Skjema for å søkja på stilling

Skjemaet ser tungt og byråkratisk ut, så eg har gjort ein redesign av det basert på triks og tips frå Web 2.0 verda.

1. Kva felt treng ein?

  • Fødselsnummer: treng ein fødselsnummer for å søkja på ei stilling? Må det vera med så bør ein i det minste seia kvifor ein må oppgje det.
  • Poststad bør koma automatisk opp etter at ein har lagt inn postnummer og treng ikkje ha eige felt
  • Felta for nasjonalitet og kjønn er eg usikker på kva motivasjonen for å spørja om er – er ikkje dette meir “kjekt å veta”- informasjon? I mange tilfeller kan ein lesa dette ut i frå namnet. Dersom ein framleis skal spørja om fødselsnummer så vert ein vel definert som norsk så lenge ein har norsk fødselsnummer.
  • 2. Ledetekstane bør vera toppjusterte over innskrivingsfelta.