Skifte beite? Gresset er grønnere hos oss
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
iAllenkelhet er firmabloggen til Netlife Research. Vi lager slanke, lettstelte og effektive interaktive løsninger som gjør at du oppnår dine mål og får fornøyde brukere.
God brukarvenlegheit og godt design er to sider av same sak. To retningar som eg har sans for akkurat no er den leikne stilen med mange fargar og former og den reine typografiske varianten der dei fleste elementa er tekst.
Her er nokre av dei sidene og designarane eg synst har fått det til:
Klar og reindyrka fargebruk der kvart menyområde er i kun to fargar; ein lys og ein sterk farge. Eg tilrår å gå inn og klikka på dei ulike toppmenyvala; det er veldig stilig. Den enkle fargebruken gjer at det ser ryddig og oversiktleg ut og tillet at det er ein relativt kompleks illustrasjon midt på.
The Mattinator er ei teneste frå Carsonified og som gir deg mogleiken til å twitra på fleire kontoar samtidig. Friske fargar, handteikna element, litt humor og likevel oversiktleg og enkelt.

Vitor Lourenço har jobba som produktdesignar for Globo, Yahoo og no for Twitter (han kjem òg på Webdagene 2010 og fortel meir om godt design av innhald). Designet til Twitter er reint og enkelt samtidig som det ser koseleg ut. Det er ikkje så mange ekstra element og det er i hovudsak innhaldet som er designa.
Sida er godt organisert og framhevar innhaldet. Dei gjer det ved først og fremst designa teksten og la det vera det viktigaste.
Typekit er ei abonnementsbasert teneste som gir deg mogleiken til å lenkja til fontar (på den måten kan ein bruka andre fontar enn dei som finst som standardfontar på datamaskinen i webdesignet). Sjølve websida brukar i hovudsak teksten som design og det passar jo veldig godt når det er det det dreiar seg om.
Godt typografisk handtverk gjer at det ser oversiktleg ut sjølv om det er store mengder tekst. Den duse fargeprofilen forsterkar det lette uttrykket.
Mange av oppdraga til iA er på design av nettaviser. Og det skin kanskje gjennom i designet av deira eiga nettside? Designet er i hovudsak basert på tekst, og eit stramt og gjennomtenkt oppsett gjer at det ser ryddig og elegant ut.
Ei av dei mange nettavisene som iA har designa. Eg synst dei er veldig flinke til å få store mengder tekst til å sjå ryddig og strukturert ut. Godt bruk av grid og justering av linjer på tvers av spalter forsterkar det ryddige inntrykket.
Eg har sikkert ikkje fått med meg alle kule og brukarvenlege design der ute, så om du har tips eller innspel blir eg glad for det!
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
Nytt år, nye konferanser. Noe som mangler? Kontakt meg på andreas@netliferesearch.com eller @schjonhaug så legger jeg den til. Sjekk også ut Lanyrd, en Twitter-basert konferanseoversikt. Februar The Usability Week i [...]
Pingback: → Tweets that mention 8 sider til inspirasjon for god brukarvenlegheit og godt design | IAllenkelhet -- Topsy.com
Lin, 09.09.2010 15:04
Dette var en nyttig post!
Tips gjerne om flere når de passerer desken :)