Slik designar du for førstegangsbrukaren 3

PÃ¥ Frontend2010 heldt Rob Goodlatte (designer for FaceBook) og Daniel Burka (designer i Tiny Speck/tidlegare designansvarleg i Digg) foredraget “Designing great new user experience”. 

Du er bare ny brukar ein gong

I foredraget snakka dei om kor viktig det er Ã¥ forstÃ¥ korleis brukaropplevinga pÃ¥ nettstaden din er for ein heilt ny brukar. DÃ¥ funkar det ikkje Ã¥ følgja designsfilosofien til Jason Fried i 37signals: “We design for ourselves first”.Â
Skal du få til å designa for førstegangsbrukarar må du bruka dine empatiske evner til å setja deg inn i den nye brukaren sin situasjon.

1. La brukaren koma i gang før du krev noko av dei

Registreringssida til Geni.com
Registreringssida til Geni.com

For å motivera brukarane bør du få fram kva som er det unike med løysningen din. Du må vidare sørgja for at dei skjønar at det som skjular seg bak innlogginga er verdt å få med seg. På nettstaden Geni (digitalt familietre) får du ei forklaring på kva som skjuler seg av funksjonar lenger inn i løysninga med ein kort filmsnutt. Og sjølv om ein ikkje startar filmen gir startbiletet eit godt inntrykk av kva det dreier seg om.

Det er ikkje fokus pÃ¥ registrering pÃ¥ førstesida, men fokus pÃ¥ Ã¥ koma i gang. Det stÃ¥r ikkje “logg inn” eller “opprett brukar” pÃ¥ knappen, men “Start my family tree!”. For Ã¥ ikkje mista det ein har begynt pÃ¥ kan ein leggja til eit passord i etterkant.

2. Design for “A-ha”-augneblinken -  augneblinken der brukarane dine forstÃ¥r kva som gjer løysninga di unik.

Registreringsprosessen til FaceBook vart brukartesta. Ein brukar hadde masse trøbbel med Ã¥ registrera seg og skjønte ikkje heilt vitsen. Først dÃ¥ ho kom til steget “Finn folk du kjenner” og fekk opp bilete og namn pÃ¥ folk ho hadde gÃ¥tt pÃ¥ barneskule med – dÃ¥ gjekk lyset opp for ho. Dess tidlegare du klarar Ã¥ gi folk denne opplevinga dess større sjanse er det for at dei vil fortsetja. Etter brukartesting flytta FaceBook dette steget lenger fram i prosessen.

Mint
Mint

3. Motiver brukaren din undervegs – nÃ¥r dei gir deg informasjon, gi dei noko tilbake.

Her kan du henta inspirasjon frå speldesign: når brukarane prøver litt, gi dei meir informasjon/funksjonalitet. I registreringsprosessen hos Mint (budsjettside) får du betryggande tilbakemeldingar steg for steg. Dersom du skal leggja inn all informasjon om kontoane dine etterpå så kan det vera greit at dei framstår som om dei er til å stola på.

4. Gjer opplæringa til ein del av opplevinga.

Google gjer dette i for eksempel Google Calendar. I staden for å laga manualar eller ta deg til ei eiga side som forklarar nye ting, så legg dei informasjon og tips om nye funksjonar rett inn i skjermbileta.

Google Calendar
Google Calendar
Bloggverktøyet Tumblr
Bloggverktøyet Tumblr(

Eit anna eksempel kjem frå bloggverktøyet Tumblr. Der kjem du i gang ved kun å oppgi epost, passord og ønska url. Straks du er inne kjem du i gang med å laga bloggen din. Det er ingen vegvisar, men opplæringa skjer gjennom at du tar i bruk bloggen og lagar den slik du vil ha den.

Forøvrig var konferansen Frontend2010 òg ei første brukaroppleving. I regi av våre venner i iXD, vart konferansen for første gang arrangert i Oslo denne veka. Det var eit godt stykke arrangement, så eg lurar på om dei hadde sniklytta på foredraget først:-)

Korleis møter du dine brukarar for første gong?

3 kommentarer

  1. Pingback: → Tweets that mention Slik designar du for førstegangsbrukaren | IAllenkelhet -- Topsy.com
  2. God oppsummering av bra foredrag! Det er sånne eksempler som gjør det lettere å tenke lurt på egne prosjekter seinere.

  3. Pingback: → FrontEnd: en konferanse for oppdaterte webdesignere ‹ sort enke

Skriv en kommentar

  • *
  • *

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Mest lest

Skifte beite? Gresset er grønnere hos oss

Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.

  1. Denne våren skal du kle deg i responsiv design
  2. Fjortisene kommer – og de vil ta jobben din
  3. UX-konferanser 2012
  4. Tverrfaglighet og typografi

Sist kommentert

Brukervennlighet vs. Sikkerhet vol. 2

Brukervennlighet vs. Sikkerhet er en unyttig kamp. Ofrer du brukervennligheten så senker du den faktiske sikkerheten. Er det på tide å legge boksehanskene på hyllen?

  1. Denne våren skal du kle deg i responsiv design 29
  2. Passordtyranniet — til glede for nye lesere 8
  3. Brukervennlighet vs Sikkerhet – en unyttig kamp? 13
  4. UX-konferanser 2012 2