Skjemadesign for mobil – kvar skal ledeteksten vera? 5

Luke Wroblewski er skjemakongen. På Webdagene ga han oss som designar skjema enno eit argument for kvifor ledeteksten bør plasserast over feltet, – nemleg autozoom på dagens smarttelefonar.

Som i eksemplet han viste oss frå oppretting av ny Google konto på iPhone:

Fieldzoom_iphone

- og det same skjer på ein Android-telefon:

Fieldzoom_Android

På både iPhone og Android vert autozoom aktivert når ein set musepeikaren i feltet. Noko som er ein smart funksjon. Den gjer det mykje lettare å sjå at det ein skriv inn vert rett. Er ein inne på ei vanleg nettside og skal fylla ut eit tilsynelatande oversiktleg skjema med venstrejusterte ledetekstar vil det fort bli meir komplisert når biletet zoomar inn og all teksten som fortel kva som skal inn forsvinn.

Sidan Luke W sine retningslinjer óg er forsterka med eyetrackingstudier av Matteo Penzo som viser at det går raskast å fylla ut eit skjema med ledetekstane plassert over feltet, er det lurt å gjera dette. Lurt både for dei som kjem inn på nettsida di med  datamaskinen, og for dei som som surfar på sida di med mobiltelefonen. Sånn som i eksemplet frå Brightkite – det fungerar like bra på dataskjermen som på mobil – ledeteksten er synleg sjølv om telefonen zoomar inn:  Fieldzoom_good

Dette var eit lurt tips frå Luke W. Har du andre lure tips for mobilt skjemadesign?

5 kommentarer

  1. Pingback: → Tweets that mention Skjemadesign for mobil – kvar skal ledeteksten vera? | IAllenkelhet -- Topsy.com
  2. Jeg vet ikke om dere fikk dette med dere, men jeg fikk dette opp sist jeg kom inn her fra rss leseren.
    http://twitpic.com/2umk1r ;)

  3. Hei! Dere er visst hacket (som Mia påpeker) – men så vidt vi kan se her er det kun i Firefox… Opera fungerer fint :-) Men dere som er så gode på research er vel allerede på sporet av noe :-) Ellers en nyttig artikkel! Takk for det.

  4. Vi har jo fått CSS media queries, med brei støtte i smart phones, så kvifor ikkje gå heile vegen? Når du veit at viewport er 480px, eller 320px, eller kva det måtte vere, så stripp vekk daukjøtet og tilpass deg.

    Forøvrig er kan placeholder-eigenskapen på inputs i HTML5 gjere livet enklare for brukarar med smart phones.

    Takk for eit lærerikt foredrag, forresten — eg gledar meg til neste gong!

  5. Interessant artikkel. Karde har gjort og gjør mye spennende innen universell utforming og tilgjengelighet, blant annet rundt design av tjenester på mobiltelefon. Publikasjonsarkivet deres finnes her: http://www.karde.no/Publikasjonsarkiv_norsk.html

Skriv en kommentar

  • *
  • *

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Mest lest

Tid for ømhet

Det hjelper lite med kurs og kompetanse hvis vi ikke har tid. Juristen skriver dårlig, vi sender ham på skrivekurs. Saksbehandlerne eier ikke språkøre, vi arrangerer et kurs i nettskriving. [...]

  1. Prototyping i Xcode
  2. Slik jobber du strategisk med innhold
  3. Ett år og fortsatt grønnskollinger
  4. Denne våren skal du kle deg i responsiv design

Sist kommentert

Bruk nettstedsøket til å forbedre innholdet ditt

Lou Rosenfelds syv tips til hvordan du kan forbedre innholdet ved hjelp av nettstedsøket.

  1. Slik jobber du strategisk med innhold 2
  2. Effektiv bruk av brukarprofilar 6
  3. Prototyping i Xcode 1
  4. Slik jobber vi i Netlife 2