iAllenkelhet er firmabloggen til Netlife Research. Vi lager slanke, lettstelte og effektive interaktive løsninger som gjør at du oppnår dine mål og
får fornøyde brukere.
Netlife Research
Norsken, svensken, dansken og resten av organisasjonen 6
Av Torstein Helleve, 1. februar 2011
Om organisasjonen ikkje forstår webredaktøren, er det ikkje sikkert det er organisasjonen sin feil.
Ja så var det altså norsken, svensken og dansken som var på Webdagane og høyrte på Ove Dalen som snakka om korleis norske webredaktørar har det. Han sa mykje dei likte å høyra, om kor viktig det var å vera tøff og tora å seia frå, og då han sa at “resten av organisasjonen er ikke på samme nivå som webredaktøren” 1), utveksla dei meiningstunge blikk og tvitra i veg:
Frå Ove Dalen sitt foredrag på Webdagane 2010. Norsken, svensken og dansken nede til venstre (anonymisert).
“Organisasjonen min er på havbotnen, eg er på Mount Everest #Webdagene2010″, tvitra dansken.
“Pfft. Organisasjonen min er på Merkur, eg er på Jupiter #Webdagene2010″, tvitra svensken.
“Pfft. Organisasjonen min er i eit anna, parallelt univers enn eg #Webdagene2010″, tvitra norsken, og så hadde dei det riktig triveleg.
Vi som har skjønt litt meir
Om resten av organisasjonen ikkje er på same nivå som webredaktøren, er det ein situasjon som kan beskrivast på andre måtar òg: “Organisasjonen og webredaktøren er på to ulike nivå” er ein av dei.
Ein annan er: “Webredaktøren er ikkje på same nivå som resten av organisasjonen”. Og då synest ikkje norsken, svensken og dansken det er like triveleg lenger.
Forestillinga om at dei som jobbar med web har skjønt litt meir enn andre folk, ligg og ulmar ikkje så langt under overflata hjå ein del folk eg har møtt. Desse folka jobbar naturlegvis med web sjølve. Eg må nok gjennom samanbitne tenner vedgå at eg har ei fortid i den leiren sjølv 2).
Sutring på barkrakken
I den verkelege verda har dei fleste verksemder andre primæraktivitetar enn å driva web. Weben skal understøtta organisasjonen sine mål, og det er webredaktøren sin jobb å syta for at det skjer.
Då nyttar det lite å sitja som den ulukkelege ektemannen på barkrakken og sutra at “organisasjonen min forstår meg ikkje”. Skal webredaktøren og organisasjonen koma på talefot, er det fyrstnemnde som må koma dei andre i møte.
Det betyr ikkje at vi skal godta alle innfall som andre kjem med. Det betyr at vi må visa kva som gjer våre bidrag viktige og riktige. “Show, don’t tell”, som det heiter i journalistikken. For å få til det, må vi arbeida med å forstå kva det er som er viktig for verksemda.
Kan ikkje laga god web på eigen hand
Det er fåfengt å innbilla seg at det går an å laga god web uavhengig av resten av organisasjonen. Vi må våga å akseptera at det å kunna mykje om web berre er ein enkelt av dei nødvendige bitane i puslespelet.
Kompetansen vår er mest verdt når vi klarer å bruka den til å gjera andre betre. Det er ikkje eit nederlag å samarbeida.
Sitatet er teke ut av kontekst. Det var ikkje meint slik det kan framstå her. Dette handlar ikkje om kva Ove Dalen sa, men korleis norsken, svensken og dansken oppfatta det. Ove Dalen sa mykje fornuftig i innlegget sitt. Du kan sleppa armen min no, Ove.
No har eg derimot skjønt litt meir enn dei folka som trur dei har skjønt litt meir enn andre.
Dette høres veldig ut som IT-bransjen på slutten av 90-tallet. Der var det også sutring over organisasjonen og en manglende forståelse for at de faktisk var en støttefunksjon for den virkelige driften.
I utgangspunktet er vi web-folk en kostnad. Hvis vi skal vise at vi har en verdi, må vi gjøre nettopp det.
Ove Dalen,
01.02.2011 8:36 pm
Hoi! Er faktisk enig med deg i alt du sier, med unntak av én ting. Først der vi er enig og hovedpoenget i foredraget på Webdagene:
- Vi må slutte å sutre (alle hater de som sutrer)
- Vi får ikke mer makt enn vi fortjener
- I steden for å grine over liten intern tyngde må vi demonstrere hva vi er gode for. Jepp, Show – don’t tell
- Vi må samarbeide med resten av organisasjonen, proaktivt og ikke reaktivt
- Vi må optimalisere for helheten (businessen vi jobber i – ikke bare webmiljøet)
- Men vi må også være litt strenge – resten av organisasjonen tror vi driver med skoleavis der alle skal være med. Det gjør vi ikke.
Der vi er uenige: Jeg mener det er nødvendig at Webredaktøren og webteamet har en holdning om at “vi skjønner litt mer enn røkla”. Ikke fordi det alltid er sant, men fordi vi er nødt til å fighte vårt syn og vår virkelighet. Poenget: Resten av organisasjonen skal forklare behov – vi skal lage løsning, basert på fagkunnskap.
@Ove: Nja, trur ikkje vi er så uenige der heller, i verste fall ein gradsforskjell. Eg oppfattar i alle fall poenget ditt som ikkje så ulikt det eg avslutta med.
Kanskje vi berre vektlegg litt ulikt ut frå ulikt utgangspunkt i kvardagen. Eg meiner i alle fall ikkje at ein aldri skal vera tøff i trynet, men opplever å få meir gjort med mindre stress om eg prøver noko anna frå verktøyskrinet fyrst. Skrujern før hammar, for å seia det slik.
Problemet med å vera så tøff heile tida er at det ikkje er nokon direkte samanheng mellom tøffheit og kompetanse. Eg er sikker på at dei fleste som les dette har vore på den eine eller andre sida (og ganske mange har sikkert òg, som meg, av og til vore på den eine og avog til på den andre) i situasjonar som denne:
“Aaaah, så du tenkte vi skulle gjera dette, du? Men det du ikkje har tenkt på [men som eg har tenkt på fordi eg jobbar med web] er at dersom vi skal gjera slik og sånn, så må vi fyrst gjera dette og hint, og då må vi ha meir pengar, folk og tid enn du kan gje oss. Så – sorry.”
Med andre ord, om ein berre lagar problemet kompisert nok, ender det med at ein slepp å løysa det.
(Eg anklagar ikkje deg for å forfekta dette synet eller noko slikt, prøver snarare å få betre fram kva eg prøvde å seia :-) )
Audun,
02.02.2011 1:43 pm
Ein av måtane eg jobbar på er å ha årlege møte med ein skikkeleg gjennomgang av dei ulike temaområda. Tidlegare år har eg på førehand gått gjennom alle sidene og gjeve tilbakemeldingar i møta på ting som må endrast. I år forsøkjer vi å ha møte utan at så mykje er avklart på førehand. Dette heng jo saman med at mange enkle ting vart rydda opp i sist gong.
Nokre ting eg har funne ut:
- Det er bra at nettredaktøren og fagfolka har god tid og snakkar saman om innhaldet på nett. Det er ekstra bra når det er dei same folka ein møter fleire gongar.
- Nettredaktøren bør leie møtet og pushe samtalen i retning mål, målgrupper og brukarbehov, ikkje interne behov. Av og til kan det ta lang tid å snu dersom ein møter folk som ikkje er vane med å tenkje på denne måten. Kanskje skal ein la det ta litt tid.
- Dersom ein skal gjere store grep, eller vurderer dette, ta det i eigne prosessar som nettredaktøren kan leie. Ikkje forsøk å bli ferdig med alt i løpet av eit relativt statusmøte på 1-2 timar.
- Det er viktig at dei riktige folka møter. Vurdér spesielt når sjefen bør vere med og når ein ikkje treng det. Vurdér også om du skal ha møte med berre sjefen først for å diskutere organisatoriske forhold som kan vere til hinder for å skape godt innhald.
- Det hjelper veldig om ein kan vise til gode resultat på andre område.
- Det hjelper også veldig om ein kan vise til at det å slette sider også betyr mindre jobb for fagfolka i forhold til oppdatering.
Torstein Helleve,
02.02.2011 8:51 pm
Høyrest ut som vi har gjort liknande erfaringar, Audun :-)
I juleferien skisset jeg og et par kollegaer raskt opp en alternativ forside til sas.no. Hvorfor i all verden gjorde vi det? Jeg er en ganske alminnelig SAS-kunde. Jeg liker å fly med SAS, men jeg liker dårlig å forholde meg til nettstedet sas.no. Det jeg liker minst er at det er synonymt med umulig [...]
I mars går Difi i gang med å kvalitetsvurdere 700 offentlige nettsteder i Norge. Og til høsten avsluttes det med konferanse, stjernedryss, premiering og fest. Men alt er ikke rosenrødt med Kvalitet på nett. Kanskje det er på tide med noen endringer.
Pingback: → Tweets that mention Norsken, svensken, dansken og resten av organisasjonen | IAllenkelhet -- Topsy.com
Bjørn Johansen, 01.02.2011 4:20 pm
Dette høres veldig ut som IT-bransjen på slutten av 90-tallet. Der var det også sutring over organisasjonen og en manglende forståelse for at de faktisk var en støttefunksjon for den virkelige driften.
I utgangspunktet er vi web-folk en kostnad. Hvis vi skal vise at vi har en verdi, må vi gjøre nettopp det.
Ove Dalen, 01.02.2011 8:36 pm
Hoi! Er faktisk enig med deg i alt du sier, med unntak av én ting. Først der vi er enig og hovedpoenget i foredraget på Webdagene:
- Vi må slutte å sutre (alle hater de som sutrer)
- Vi får ikke mer makt enn vi fortjener
- I steden for å grine over liten intern tyngde må vi demonstrere hva vi er gode for. Jepp, Show – don’t tell
- Vi må samarbeide med resten av organisasjonen, proaktivt og ikke reaktivt
- Vi må optimalisere for helheten (businessen vi jobber i – ikke bare webmiljøet)
- Men vi må også være litt strenge – resten av organisasjonen tror vi driver med skoleavis der alle skal være med. Det gjør vi ikke.
Der vi er uenige: Jeg mener det er nødvendig at Webredaktøren og webteamet har en holdning om at “vi skjønner litt mer enn røkla”. Ikke fordi det alltid er sant, men fordi vi er nødt til å fighte vårt syn og vår virkelighet. Poenget: Resten av organisasjonen skal forklare behov – vi skal lage løsning, basert på fagkunnskap.
Mer om hva jeg mener i denne bloggposten: http://www.iallenkelhet.no/webredakt%C3%B8ren-ma-bli-t%C3%B8ffere/
Fin bloggpost. Slipper armen din nå :)
Torstein Helleve, 02.02.2011 8:13 am
@Ove: Nja, trur ikkje vi er så uenige der heller, i verste fall ein gradsforskjell. Eg oppfattar i alle fall poenget ditt som ikkje så ulikt det eg avslutta med.
Kanskje vi berre vektlegg litt ulikt ut frå ulikt utgangspunkt i kvardagen. Eg meiner i alle fall ikkje at ein aldri skal vera tøff i trynet, men opplever å få meir gjort med mindre stress om eg prøver noko anna frå verktøyskrinet fyrst. Skrujern før hammar, for å seia det slik.
Problemet med å vera så tøff heile tida er at det ikkje er nokon direkte samanheng mellom tøffheit og kompetanse. Eg er sikker på at dei fleste som les dette har vore på den eine eller andre sida (og ganske mange har sikkert òg, som meg, av og til vore på den eine og avog til på den andre) i situasjonar som denne:
“Aaaah, så du tenkte vi skulle gjera dette, du? Men det du ikkje har tenkt på [men som eg har tenkt på fordi eg jobbar med web] er at dersom vi skal gjera slik og sånn, så må vi fyrst gjera dette og hint, og då må vi ha meir pengar, folk og tid enn du kan gje oss. Så – sorry.”
Med andre ord, om ein berre lagar problemet kompisert nok, ender det med at ein slepp å løysa det.
(Eg anklagar ikkje deg for å forfekta dette synet eller noko slikt, prøver snarare å få betre fram kva eg prøvde å seia :-) )
Audun, 02.02.2011 1:43 pm
Ein av måtane eg jobbar på er å ha årlege møte med ein skikkeleg gjennomgang av dei ulike temaområda. Tidlegare år har eg på førehand gått gjennom alle sidene og gjeve tilbakemeldingar i møta på ting som må endrast. I år forsøkjer vi å ha møte utan at så mykje er avklart på førehand. Dette heng jo saman med at mange enkle ting vart rydda opp i sist gong.
Nokre ting eg har funne ut:
- Det er bra at nettredaktøren og fagfolka har god tid og snakkar saman om innhaldet på nett. Det er ekstra bra når det er dei same folka ein møter fleire gongar.
- Nettredaktøren bør leie møtet og pushe samtalen i retning mål, målgrupper og brukarbehov, ikkje interne behov. Av og til kan det ta lang tid å snu dersom ein møter folk som ikkje er vane med å tenkje på denne måten. Kanskje skal ein la det ta litt tid.
- Dersom ein skal gjere store grep, eller vurderer dette, ta det i eigne prosessar som nettredaktøren kan leie. Ikkje forsøk å bli ferdig med alt i løpet av eit relativt statusmøte på 1-2 timar.
- Det er viktig at dei riktige folka møter. Vurdér spesielt når sjefen bør vere med og når ein ikkje treng det. Vurdér også om du skal ha møte med berre sjefen først for å diskutere organisatoriske forhold som kan vere til hinder for å skape godt innhald.
- Det hjelper veldig om ein kan vise til gode resultat på andre område.
- Det hjelper også veldig om ein kan vise til at det å slette sider også betyr mindre jobb for fagfolka i forhold til oppdatering.
Torstein Helleve, 02.02.2011 8:51 pm