Skifte beite? Gresset er grønnere hos oss
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
iAllenkelhet er firmabloggen til Netlife Research. Vi lager slanke, lettstelte og effektive interaktive løsninger som gjør at du oppnår dine mål og får fornøyde brukere.
Debatt-innlegget med ovanståande tittel forårsaka ein ganske heftig debatt på Kjøkkenfesten for ei tid tilbake.
Men fleire av debattantane på Kjøkkenfesten var ikkje til stades på Dataforeningens kveldsmøte 20. januar, og mange falt kanskje av i diskusjonen etterpå.
Derfor følger her ein gjennomgang av hovedpoenga mine, under parolen betre seint enn aldri.
Eg har titulert meg sjølv informasjonsarkitekt sidan 1997, og har dermed jobba ganske mykje med navigasjon, menyar, søk og innhald dei siste åra.
Inntil for nokre år sidan har eg innbilt meg at noko av det viktigaste ein informasjonsarkitekt gjer er å lage informasjonsstrukturar og utforme global og lokal navigasjon — eller menyar om du vil.
Denne forestillinga har resultert i lett absurde sider som denne hos norge.no:

Med navigasjonsoverlast meiner eg enkelt sagt at innhaldet druknar i navigasjon.
Det finst ganske mange fleire dømer der ute, m.a. denne tilfeldig utvalgte fra regjeringen.no eller denne perla fra de nye sidene til BI:

Alle nettstader er ikkje like ille, men ting tyder på at noko er grunnleggande gale.
Eg trur mykje av problemet er at navigasjon, menyar og struktur har fått ufortent stor oppmerksomheit i forhold til innhald og bruksoppgåver.
Kall det gjerne strukturonani — og det er vi informasjonsarkitektar som er hovedskuldige.
Eit ibuande problem ved all strukturering og klassifisering er nemlig av vi ofte må innføre kunstige mellomnivåer for å få strukturen til å “gå opp”.
Dette kan igjen føre til eit kunstig behov for å “fylle ut” strukturen med informasjon, ofte på bekostnig av kva som faktisk står på sidene.
Dermed blir det fleire sider, djupare strukturar, større menyar og fleire relaterte lenker enn det er behov for — eller navigasjonsoverlast om du vil:

Innhaldsfeltet blir i tillegg krympa inn til ein smal stripe i midten, i skvis mellom menyar og relaterte lenker.
Folk kjem til nettstaden vår for innhald, men vi møter dei med menyar.
Innhaldsprodusentar blir redusert til å “fylle ut” strukturen med informasjon, og dermed veks nettstaden vidare ukontrollert.
Samstundes viser både teori og erfaring at gjenfinning og navigasjon blir mange gangar vanskelegare jo meir informasjon ein må navigere i.
Dermed aukar misnøya blant brukarane — heilt til ein må inn og redesigne og restrukturere informasjon og navigasjon.
Utan ein dermed løyser det underliggande problemet.
Så kvifor skjer dette?
Eg trur årsakene kan sporast til 5 utbredte myter rundt navigasjon:
Vi trur at store organisasjonar må ha store nettstader.
Argumentasjon som understøtter dette er typisk slik:
Dermed får store organisasjonar (og mindre også) får langt større nettstader enn nødvendig.
Myten kviler imidlertid på ein del feilaktige forutsetningar.
Du tilfredsstiller ikkje fleire målgrupper ved å pøse på med meir informasjon. Sjansen er stor for at du øydelegger for alle målgrupper. Fordi gjenfinning av viktig informasjon blir mange gangar vanskelegare jo meir informasjon ein må navigere i.
Ingen har behov for informasjon. Folk treng svar på spørsmål og hjelp til å løyse oppgåver. Meir informasjon løyser som oftast ikkje det problemet.
Interne behov må aldri få skugge for brukarane sine behov eller strategiske mål for verksemda. Ellers er ein på ville vegar med nettsatsninga.
Informasjonsplikt er ikkje det same som informasjonstvang. Informasjonsplikt kan løysast på andre måtar enn å stappe nettstaden full av informasjon folk ikkje finn likevel.
Og “innhaldstung nettstad” leser eg først og fremst som ein innrømmelse av at “vi maktar ikkje å ta ansvar for og prioritere innhaldet vårt”.
Ytterste konsekvens av denne myten er tilfellet Microsoft.com, der 3 millionar av 10 miliionar sider aldri hadde vært besøkt av ein levande sjel bortsett frå vedkomande som lagde den (og knapt nok det).
Vi veit dessutan at det nyttar å slanke nettstaden, også for store organisasjonar. Telenor (privatdelen) gjekk t.d. frå vel 2000 til knapt 400 sider, med auka kundetilfredshet og auka sal som resultat.
Vi “trur” at folk i utstrakt grad kryssnavigerer nettstedet fra hovedseksjon til hovedseksjon. “Tenk hvis nokon som er inne på Mobilt bredbånd-sida plutselig får lyst på fasttelefon”.
Eg meiner dette også er ein feilslutning.
Det er i all hovedsak prosjektteamet og andre interessentar i avsendarorganisasjonen som kryssnavigerer på denne kunstige måten.
Og i tillegg gir vi som oftast testpersonar i brukartestar kryssnavigasjonsopgaver som ikkje er naturlige.
Men i praksis har brukaren fullt fokus på den eine oppgava dei vil utføre, det eine spørsmålet dei vil ha svar på.
Idealet fra ein brukarståstad er å kome rett fra Google eller forsida og direkte til ei kjerneside som gir svar på bruksoppgava.
Tenker ein slik er det relativt enkelt å tenke seg til kva slags kryssnavigasjon som er nødvendig, og plassere tydelege lenker og handlingsdrivarar til dette i innhaldsfeltet.
Hvis saken er at folk har behov for både mobilt breidband og fasttelefon, så bør dette presenterast som eit tydeleg pakketilbud i innhaldsfeltet.
Og ikkje nødvendigvis i ein meny eller som “relaterte lenker” som ingen ser allikevel.
Vi innbiller oss at eit konsistent globalt navigasjonssystem, gjerne med gjensidig utelukkande kategoriar, er ein av dei viktigaste suksessfaktorane for ein nettstad.
Typisk argumentasjon for dette:
Eg trur denne tankegangen leiar oss på ville vegar.
Brukarane blir ikkje nødvendigvis forvirra av inkonsistent navigasjon, ref. myten om kryssnavigasjon.
At enkelte kjernesider har ein annan, meir tilpassa navigasjon enn andre sider, bekymrer stort sett ingen bortsett frå prosjektteamet og designaren.
Folk forventar først og fremst å få svar på spørsmålet sitt — i innhaldsfeltet.
Og det er mulig det ser bra ut med faste menyar. Men det er vel først og fremst latskap å designe ein fast sidemal for alle sider utan å ta hensyn til innhaldet? Det er fullt mulig å få det til å sjå bra ut utan for mange fast plasserte menyelement.
Fra ein brukarståstad er nemlig lokal optimalisering (kjernesida og handlingsdrivarar på denne) langt viktigare enn global optimalisering (konsistent navigasjon).
Eller sagt på ein annan måte: q>Vegen til helvete er brolagt med gode intensjonar og konsistente hierarkier i informasjonsstrukturen.
I beste fall er konsistens eit av dei minst viktige aspekta ved godt web-innhald.
Mange meiner at Chris Anderson sin Long tail-teori også er gyldig for web-innhald.
Typisk argumentasjon:
Hovudproblemet med denne tankegangen er at det ikkje er gratis å publisere og vedlikehalde godt web-innhald som svarer på bruksoppgåver og forretningsmål.
Tvertimot er det veldig dyrt, både for innholdseigar å vedlikehalde informasjonen, og for brukaren som må forholde seg til utdatert og feilaktig informasjon.
Konsekvensen av long tail-tankegangen for nettstader er også at behovet for hierarkiske informasjonsstrukturar, relaterte lenker og meiningslaus sirkelnavigasjon gjennom emnekart aukar i takt med informasjonsomfanget.
Sjekk ellers diskusjonen under denne posten fra iallenkelhet for meir om dette temaet.
Vi legg til grunn at menyar og strukturar i seg sjølv er brukarvennlige.
Problemet er berre at ingen kjem til nettstaden din for å navigere.
Eller for å sitere Alan Cooper: “Actually [users would] be happy if there were no navigation at all.”
Folk kjem for å få svar på spørsmål og løyse bruksoppgaver.
Faktisk står navigasjonen svært ofte i vegen for gode brukaropplevingar.
For å sitere Gerry McGovern: “No other single factor causes greater customer frustration and dissatisfaction than confusing menus and links.”
Hovudproblemet med både søk og navigasjon er nemlig at folk ikkje finn innhaldet dei er på jakt etter i havet av informasjon.
Vi i Netlife Research har gjennomført eit hundretals eyetracking-testar der vi følger øyebevegelsane til testpersonar på skjermen.
Eit funn på tvers av testar dei siste åra er at folk konsekvent har fokus i innhaldsfeltet av sida.
Først når innhaldet og lenkene i innhaldsfeltet ikkje fungerer, søker blikket mot menyar.
Menyar er med andre ord ein fallback-mekanisme for innhald som feiler.
Med andre ord: Hvis vi fiksar innhaldet og prioriterer handlingsdrivarar i innhaldsfeltet, så løyser vi “navigasjonsproblemet” med det same.
Og det er langt viktigare for brukaropplevinga enn all verdens menyar og strukturar.
Nettstader utforma etter det gamle paradigmet er typisk:
Det nye paradigmet bør derimot være:
Ok. Dette innlegget er spissformulert.
Budskapet er ikkje nødvendigvis revolusjonerande for alle, men eg trur nok det kan være det for ganske mange.
Eg snakkar primært om informasjonsnettstader og såkalte “innhaldstunge nettstader”.
Bildet blir litt annleis for t.d. nettbutikkar og andre nettstader med meir strukturerte informasjonsmengder.
Men bildet er ganske likt for nettaviser og tenestenettstader.
Både Dagbladet.no, vg.no og nrk.no har hatt suksess med å fjerne sin venstremeny, det samme kjem nye yr.no til å få.
Dnbnor.no og telenor.no har til og med tatt skrittet til å minimere toppmenyen. (Kanskje er det berre dei store, kjente merkevarene med etablerte forventningar som kan gjere dette.)
Alle desse nettstadane har framleis navigasjonssystemer og strukturar, bunnmenyar og godt organiserte lenker fra forsider og andre veivalgsider.
Så sjølvsagt har vi framleis behov for navigasjon.
Men navigasjon bør i langt større grad enn i dag foregå gjennom prioriterte handlingsdrivarar i innhaldsfeltet, og i mindre grad gjennom globale navigasjonssystemer.
Ellers blir både menyar, strukturar og relaterte lenker berre ei sovepute for dårleg innhald.
Sammen sprenger vi grenser for hva web kan være. Vi ser spesielt etter: Tekstforfattere, prosjektledere, designere og interaksjonsdesignere.
Du står der og beundrer appen din iført keiserens nye klær. Er responsiv design bare enda et tilskudd til garderoben?
Pingback: → Tweets that mention Navigasjon: 5 myter og 1 paradigmeskifte | IAllenkelhet -- Topsy.com
Thomas J, 09.02.2011 16:51
Veldig bra Are. Jeg synes vi skulle prøve å lage nettsteder Uten menyer.
Ved å la innholdssnutyer være navigasjonspunkter.
Are Halland, 09.02.2011 18:45
Eh… Skjønte ikkje heilt det med “innholdssnutyer”, Thomas :)
Thomas j, 10.02.2011 00:00
Innholdsnutter. Skrivefeil på iphone.
Utdrag/presentasjon av innhold, feks 5 siste nyhende, produkt, bildedtrøm e.a
Pingback: → jflusund » Bort med menyene
Pingback: → Heller liten og kjapp enn stor og slapp? | Kjøkkenfesten
Jørgen Dalen, 10.02.2011 12:49
Takk for innlegg, Are.
Hvordan man avgrenser hver enkelt nettløsning er sannsynligvis mer avgjørende for brukeropplevelsen enn hvordan man utformer menyene. Dette er en underkommunisert del innenfor fagmiljøet, har derfor nylig blogget om temaet:
http://www.kjokkenfesten.no/2011/02/10/heller-liten-og-kjapp-enn-stor-og-slapp/
Torstein Helleve, 11.02.2011 10:19
Haha, strukturonani – sjølv har eg brukt uttrykket “navigasjonsfetisjisme” (slik at nettstader som norge.no-dømet blir “navigasjonsfetisjistiske orgiar”) ei stund :-)
Og når eg tenkjer over det, synest eg kanskje det er eit betre uttrykk òg, om eg kan vera så fri. Problemet er ikkje strukturen i seg sjølv, men at ein på død og liv skal trykkja kvart enkelt element av den ned i halsen på brukaren gjennom navigasjonsmenyane.
Svein Ølnes, 11.02.2011 10:41
Viktig diskusjon Are, og eg følgjer deg i mykje, men ikkje alt :)
Eksempla du viser, understrekar poenget ditt godt, og i mange tilfelle er det heilt klart navigasjonsoverlast.
Så til kvar av dei fem mytene:
1. Eg trur det er ein samanheng mellom størrelse på org. og størrelse på nett, sjølv om det ikkje nødvendigvis gjeld alle.
2. Kryssnavigasjon: Her trur eg du har rett, behovet er sterkt overdrive
3. Konsistens: Einig her, men lurer på om du ikkje slår deg sjølv litt på munnen. Eg oppfattar deg som talsmann for minimalisme og strengt strigla nettsider. Eg trur, som du skriv her, at ein kan leggja ulik vekt på delar av ein nettstad – alt treng ikkje vera like strukturert og like gjennomarbeida.
4. Den lange halen: Eg har tru på nettet som eit nærmast ubegrensa informasjonshav. Poenget er at alt treng ikkje like mykje vedlikehald. Ei brukarhandbok for ein kassettspelar frå 1979 vil ikkje bli endra, men for den stakkars jævelen som er heilt avhengig av nokre tekniske detaljar her, er det gull verdt. Sjølv om han er den einaste som treng det.
Eg ergrar meg stadig over å ikkje finna informasjon eg meiner bør liggja på nettet (brukarhandbøker/dokumentasjon er eit godt eksempel).
5. Eg ser på menyar som støttehjul. Når du lærer å sykla, er dei nyttige. Men så fort du har lært deg kunsten, er dei i vegen. Men eg meiner også det blir feil å ta bort menyar, eller redusera dei så mykje at meiningsinnhaldet blir for generelt.
Avsluttande kommentar:
Eg har tru på nettet som berar av all informasjon som kan digitaliserast. Det betyr ikkje at det for mange nettstader må gjerast utval og prioriteringar, og at det må arbeidast mykje med vedlikehald.
Eg er skeptisk til ultra-minimalisme og “nazi”-kontroll med innhald, der webmaster får diktatorisk makt. Det som skjer på slike nettstader, er at det poppar opp ukontrollerte bloggar, wikiar ++ fordi det ikkje kan stengjast inne. Resultatet blir eit “interiørmagasin”-prega nettstad – perfekt og ubrukeleg – og ein haug meir eller mindre offisielle nettstader.
Oppsummert: “Neat doesn’t scale!”
Men eg er likevel einig i mykje av det du skriv ;-)
Helge Magnus Opsahl, 11.02.2011 14:18
Interessant som alltid fra Netlife, men i stedet for bare å raljere over eksempler på elendig informasjonsarkitektur – hvorfor ikke av og til vise eksempler på løsninger som fungerer bra? Og da gjerne løsninger på litt mer innholdsrike nettsteder enn en nettbank. For øvrig kunne jeg tenke meg et litt mer nyansert blikk på store organisasjoner som faktisk trenger store nettsteder. Mener du at Oslo kommune og Klepp kommune skal ha like lite innhold på sine nettsider? Du løser ikke problemet ved å bare å si at alle skal kutte 40% av innholdet. Slike spissformuleringer bidrar bare til å utdefinere seg selv fra reelle løsningsdiskusjoner.
Are Halland, 11.02.2011 14:50
@Helge I tilfellet Oslo kommune er eg ikkje i tvil om at 50-80% av nettstaden kunne vært slanka vekk — til glede for alle. Det har vært gjort ein del struktur-forbetringar(!) i det siste, men hovudproblemet er etter mi meining fortsatt følgande:
* nettstaden er inndelt i avsendarfokuserte siloar/strukturar etter etat/bydel
* informasjonsmedarbeidarar er redusert til å publisere nyheiter i strukturen, på ørsmå stillingsbrøkar, utan kompetanseutvikling og knapt nok med koordinering
Eit døme: For ei rekke tenester (bibliotek, symjehallar, etc) vil eg anslå at 80% primært er interessert i åpningstider og kontaktinfo – mao. veldig enkelt å lage ei kjerneside som løyser 80% av problemet. Men ei slik side finst ikkje. Søker du etter “åpningstider grønmo” e.l. får du derimot ørten ørkesløse infosider og eldgamle nyheiter.
Ein effektiv, sentral struktur med kjernesider, redigert av ein sentral redaksjon med høg webkompetanse, basert på ein fornuftig webstrategi og innsikt i brukarbehov, ville løyst slike problem uendeleg mykje meir effektivt.
Eg seier ikkje at dette nødvendigvis er enkelt å få til i store organisasjonar, men det er den einaste farbare vegen!
Are Halland, 11.02.2011 14:56
@Jørgen Gode poenger. Men meiner det fortsatt er lett å gå i fella å flytte kvar enkelt seksjon til eit nytt domene utan å ta tak i det underliggande problemet.
Are Halland, 11.02.2011 15:19
@Svein Hei igjen:)
Einig i at brukarhandbøker kan ligge på nett, men treng då primært berre å ligge som “lause” landingssider tilgjengeleg via Google-søk. Merk at det krevst også her ein bevisst innhaldsstrategi for å avgjere kvaslags informasjon som må vedlikehaldast og kva som ikkje treng det, kva som er nyttig og kva som kun blir støy. Eg går utifra at du ikkje meiner at søk på “åpningstider” skal gi treff på “åpningstider påska 2008″ slik det skjer i dag?
Ang. menyar som støttehjul: Svært mykje har endra seg sidan dei første studiane om navigasjonsproblemer i hypertekst dukka opp tidleg på 90-tallet. Google og sosiale medier har endra forventningar, kontekst og brukaradferd fundamentalt. Det er fortsatt behov for menyar og navigasjon, men behovet har endra seg.
Ang. “neat doesn’t scale”: Jo. Veldig ofte ser vi at den beste løysinga er å ha ein lita, effektiv samling av sentralt vedlikeholdte kjernesider som tar unna 80-prosenten i 80/20. I tillegg vil det som du seier alltid være behov “på sida”, der sosiale medier funkar betre. God web- og innhaldsstrategi bygger ei trygg bru mellom desse.
Are Halland, 11.02.2011 15:22
@Torstein Det er veldig fristande, men kjenner eg bør passe meg litt for å strekke den metaforen enda lengre, iallefall “på trykk”:)
Audun, 11.02.2011 15:22
Har erfart at folk i organisasjonen blir overraska over kor mange som besøkjer undersider/kjernesider utan å ha vore innom framsida først. Det er ein nyttig statistikk å vise fram. Det fører til at ein får nyttige diskusjonar om til dømes søkjemotoroptimalisering i tillegg til å diskutere menyval/navigasjon.
Folk forstår at navigasjon på sine eigne undersider er viktig, men er ofte ekstremt opptekne av navigasjonen fram til sida utan å sjå at dette er ein av fleire måtar folk finn fram til innhaldet på.
Are Halland, 11.02.2011 15:28
@Audun Hjartans einig:)
Jørgen Dalen, 13.02.2011 18:46
Det er en fattig trøst for NAV og Oslo Kommune at Gerry Mcgovern sier at man skal prioritere de 4-5 viktigste oppgavene. For disse organisasjonene stikker utfordringen dypere, og fjerning av uviktig innhold og hard prioritering vil ta de et stykke men ikke nødvendigvis helt i mål. Jeg mener at begge to bør revurdere site-strukturen sin. Hadde brukerne vært tjent med en oppdeling i mindre, mer spissede tjenester? Se en mini-analyse av disse og flere gigant-netttsteder i kommentarfeltet på dette innlegget på kjøkkenfesten: http://www.kjokkenfesten.no/2011/02/10/heller-liten-og-kjapp-enn-stor-og-slapp/
Helge Magnus Opsahl, 13.02.2011 20:09
Interessant det du skriver, Are, bortsett fra at du svarte på noe annet enn det som var mine innspill.
Are Halland, 14.02.2011 09:00
@Helge Javel, nei? Ok, som døme på store, informasjonsrike nettstader eg meiner er på riktig veg (som ikkje Netlife står bak:) kan eg gjerne trekke fram NRK. Som eg meiner har gjort ein kjempejobb med å skrelle vekk unødvendig navigasjon, særlig på forsider og nyheitssider. På vegen dit har dei også gjort bra arbeid med å kutte vekk ein unødvendig innhald, som f.eks. ikkje web-spesifikt innhald a la seksjonen “Morgen”.
Eg meiner ikkje at NRK skal slette arkivet sitt! Men slettes bør fortsatt all unødvending “informasjon” som heller kan løysast med enkle, opppgavefokuserte sider. Nettstader som allereide har gjort god jobb med å lage oppgavefokuserte sider skal ikkje slette 80%. Drammen kommune ser til dømes ganske bra ut :-D
Svarte dette på spørsmålet ditt?
Johannes Brodwall, 15.02.2011 23:36
Kult og velformulert budskap.
Som utvikler blir jeg gjerne møtt med kryssnavigasjon som en rammebetingelse som også har store (negative) påvirkninger på hvordan vi bygger løsningen. Stor grad av kobling mellom “fasttelefon” og “mobil” gjør det vanskelig å bygge og drifte applikasjonene for disse tjenestene uavhengig av hverandre. Jeg vil gjerne ha designere på prosjektet mitt som sier at dette er feil sted å sette innsatsen. :-)
Pingback: → Kommunale nettsider og kvalitet « egovernmentbyme
Pingback: → Topp 10 på Iallenkelhet i 2011 — iAllenkelhet