Tid for ømhet
Det hjelper lite med kurs og kompetanse hvis vi ikke har tid. Juristen skriver dårlig, vi sender ham på skrivekurs. Saksbehandlerne eier ikke språkøre, vi arrangerer et kurs i nettskriving. [...]
iAllenkelhet er firmabloggen til Netlife Research. Vi lager slanke, lettstelte og effektive interaktive løsninger som gjør at du oppnår dine mål og får fornøyde brukere.
Nettløysningar i dag genererer store mengder data. Talet på gongar ein har tvitra, talet på venner på Facebook og kor mange som likar eit innlegg du har skrive er eit eksempel på dette. Har du på denne typen data i løysninga di kan du gi meirverdi til brukaren ved å visa dei fram.
Hannah Donovan, interaksjonsdesignar (tidlegare designansvarleg hos LastFM hadde workshop om “Information design for an instrumented world” på Web 2.0 Expo i New York og delte sine tips og erfaringar med oss.
Sannsynlegvis vil ikkje alle data vera interessante å visa fram, så det du må finna ut av er kva du vil oppnå og kvifor du vil oppnå det. Når du har dette klart kan du gå vidare til korleis du skal gjera det.
Det kan enten vera ein dump med data (ei fil, ein database o.l) eller levande data som du får tilgang til gjennom eit API. Finn ut korleis webgrensesnittet (API’et) virkar, kva variablar du kan få ut og i kva format du kan få dei ut.
Start med å skissa konseptet ut på papir. Deretter må du få inn reelle data (enten direkte i html, eller i minste fall – hent ut reelle data), så designar du grensesnittet med dei data som skal vera der.
Har du desse tre tinga for deg finst det ein verktøykasse med element som kan vera til inspirasjon i designjobben.
Straumen av oppdateringar er alltid levande. Ofte er den animert for å visa at det er sanntidsoppdateringar. Flyten er i eit format der det nyaste alltid kjem øverst. Tenk på kor mykje du kan visa samstundes før det vert overveldande (signal vs. støy).
Fungerar bra dersom det er eit konkurranseaspekt i dei data du visar fram. Ha med element som nummer, namn og verdi/talet på poeng.
Viser korleis andre brukar det ein legg ut/deler. Til dømes kor mange har sett på profilen din eller kor mange av dine bilete har andre sett på.
Augneblikksbilete av brukarstatistikk. Til dømes talet på følgjarar og personar ein følgjer på Twitter. Omlag tre variablar er passe for at ein skal kunna oppfatta dei ved eit blikk.
Desse minigrafane som Edvard Tufte har laga gir eit raskt overblikk og viser trender i store mengder data på liten plass.
Best på å visa samanhengdande data og trender i datamengden. Sidan data er samanhengande, må du tenkja på at brukaren skal kunna henta ut data frå kvart punkt på grafen. Som å henta ut farten for kvart punkt på løpeturen i grafen frå Runkeeper under.
Søylediagrammet blir brukt til å visuelt samanlikna separate data. Til dømes å raskt sjå kva for ein joggetur er lengst.
Du får kontekstualisert data i ein samtaleaktig form. Pluss at du kan gjera det meir personleg.
Søket oppdaterar seg etterkvart som du puttar inn søkeordet, som i søk i Twitter eller Google.
Dette kan du bruka der det er sanntidsstraumar med data som folk kan tenkjast å lika og som dei vil ta vare på. Då må du òg laga ein stad der data som ein merker kan hamna og der ein kan finna det att.
Med resirkulering av innhald legg du til rette for late brukarar,- dei som ikkje er blant dei 1% som bidrar mest. Til dømes reblogging på Tumblr eller retvitring.
Dersom det er viktig for deg å få bra innhald på toppen av straumen/feeden din, er det lurt å la brukarane avgjera kva som er bra innhald og leggja dette øverst. Dersom du brukar stjerner må du sørga for at du får fram kva skalaen er; går den frå misfornøgd til fornøgd eller er ei stjerne litt fornøgd og fem superfornøgd. Tommel opp og tommel ned er lettare å forstå intuitivt for brukaren.
Varslingar skal visa oppdateringar brukarane ikkje vil gå glipp av. Varsla skal seia i frå om at det er noko nytt som har hendt utan å vera for påtrengande. Vurder støy vs. signal ratioen; kor mykje har du trong for å oppdatera brukaren på.
Det hjelper lite med kurs og kompetanse hvis vi ikke har tid. Juristen skriver dårlig, vi sender ham på skrivekurs. Saksbehandlerne eier ikke språkøre, vi arrangerer et kurs i nettskriving. [...]
Lou Rosenfelds syv tips til hvordan du kan forbedre innholdet ved hjelp av nettstedsøket.
Pingback: → Design for ulike tilstandar av innlogga og utlogga — iAllenkelhet