Mobil or not mobil?
Av Torstein Helleve, 2. november 2011
Gjestebloggar Torstein Helleve er nettredaktør ved Naturhistorisk museum.
”Mobile tenester” har ikkje mest med mobile einingar å gjera.
”Skal holde foredrag om internett på mobil. usikker på hva mobil er. noen som har definisjon?” tvitra Eirik Hafver Rønjum nyleg, og endte opp med definisjonen ”Håndholdte enheter”.
I Eirik sin samanheng er definisjonen grei. Men ofte snakkar ein om ”mobile tenester” som om det var eit eintydig omgrep. Det er det ikkje. Det er minst tre ulike ting.
1. Mobil som plattform
I dømet ovanfor, internett på mobil, er ”mobil” plattforma. Kva vi skal på internett er underordna: sjekka siste nytt, sjekka e-post, sjekka damer (eller prøva å). Å spela Angry Birds på iPhone er heller ikkje vesensforskjellig frå å spela Super Mario på Nintendo DS. I desse døma er mobilen ei blant fleire plattformer som i prinsippet kan tilby det same.
2. Tenester som er mobile
Dette er tenester som er knytt til kvar brukaren fysisk er, i vid forstand. Desse tenestene kan delast i to grupper: stadbundne og objektbundne.
2a. Stadbundne tenester
Dette er tenester som er knytte til ein bestemt geografisk lokasjon (og dermed kan dei kanskje paradoksalt kallast immobile mobile tenester). Ved NHM har vi i fleire år hatt ein hageutforskar på nett, som vi fyrst kjem i nærleiken av å utnytta potensialet i når den er tilrettelagt for mobil. Vel og bra å sitja heime i sofaen og kunne finna plantar i Botanisk hage, men det er ein god del meir interessant når du fysisk er i hagen.
Liknande tenester kan vera handletips når du er i butikken, eller AR-app’ar knytt til bestemte geografiske stader, som denne frå Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO.
2b. Objektbundne tenester
Dette er tenester som er knytt til objekt som brukaren har for seg der han eller ho er. Det er jo ikkje noko nytt i at det står ”Gå til www.whatever.com for meir informasjon” på produktpakningar, men kven tok vel mot denn innbydinga? Med QR-kodar kan vi derimot få beskjed om at gipsen i denne pakken er blitt for gammal for vellukka resultat, eller få instruksjonsvideoar for korleis sausen vert best.
Lokalavisa dittOslo brukar QR-kodar som ”Les meir”-peikarar i papirutgåva si. Igjen, dette fantest før òg, men enten var URLen så generell at du visste at når du kom til sida URLen viste til, var jakta di berre begynt, eller så var den så innfløkt at du visste du kom til å tasta feil.
Ein god del av det eg her kallar mobile tenester, er, i alle fall foreløpig, lettast å utnytta på mobile einingar. Men eg trur likevel ei sortering som dette kan vera ei nyttig tilnærming i ein kvardag der folk framleis går rundt og lurer på om dei treng ein app. Vi må ikkje hengja oss opp i plattform, vi må tenkja på kva tenester vi vil tilby.
Skriv en kommentar
Max Lotternes, 02.11.2011 09:42
Helt enig i at man ikke bør lage app for appens skyld, Torstein. Synes at Trafikanten-appen til iPhone lenge var et godt eksempel på det. Trafikanten var tidlig ute med app til iPhone, men det gikk laaang tid før den kom i en brukbar versjon.
Med Trafikanten-appen kunne man ikke søke fra der man var til dit man ville (noe som er den mest prominente funksjonen på trafikanten.no). Man kunne få en lokasjonbasert oversikt over hvilke linjer som gikk fra der du var, men det fantes ikke informasjon om hvor disse linjene/bussene/trikkene gikk. Man måtte være Oslo-losen for å bruke appen!
“Løsningen” for meg som bruker ble å gå inn på trafikanten.no, som var alt annet enn optimalisert for mobil. Frustrerende når man er i farta og vil finne neste rute kjapt, slik at man har en mulighet til å rekke den.
På sensommeren kom Trafikanten-appen i ny versjon, og det ser ut til at den er både brukertesta og basert på hva kundene faktisk er ute etter når de åpner appen. En flott app med merverdi for oss kollektivbrukere er det blitt, men det tok da også rundt to år før den ble brukbar.
Hvorfor tok det så lang tid å lage en god app? Jeg har en teori om at mange app-utgivere (Ruter i dette tilfellet) som er vant med mer tradisjonelle nettkanaler tenker at en app er den endelige løsningen på håndholdte enheter (samt at versjonsoppdateringer ikke er så nøye).
Apper kan fort bli en hvilepute for mobilsatsingen til bedrifter som er mer vant med tradisjonelle nettsteder. Og selv om appen er blitt god er trafikanten.no fremdeles en mare på liten skjerm. Synes dette illustrerer at man er opphengt i plattform, og ikke av å gi brukerne den best mulige opplevelsen uansett hvordan de oppsøker informasjon.
Torstein Helleve, 03.11.2011 11:34
@Max: Godt døme på feil innfallsvinkel til det å “laga ein app”, og samstundes godt døme på ei teneste som gjev brukaren meirverdi ut frå kvar han befinn seg på eit gitt tidspunkt (når den er god nok).
Pingback: → Mobile sites requires prioritising - fosseng.info