Fem flotte podcasts for frontend-folk 0

Gjesteblogger Nils Norman Haukås er systemutvikler hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
Innlegget er et av innleggene som vant Web Rebels-billett

Det er søren meg ikkje lett å hengje med på det som rører seg i frontendutviklingsverda. Min overlevelsesmekanisme for tiden er podcasts. Podcasts får plass i alle slags settingar enten ein svetter over middagsgrytene, tøffer opp eit fjell eller står i butikken og funderer på om ein skal settje ein sperreblokk bak varene sine. Her fyljer ein balansert diett med fem flotte podcasts for frontend folk.

1. The Shop Talk Show

«Just build web sites,» lyder slagordet deira. Motoren i denne podcasten er Dave Rupert og Chris Coyier som begge er erfarne frontendutviklerar med tilknytning til både css-tricks.com og codepen.io. Podcasten veksler mellom intervju og «rapid fire» episoder med besvaring av innsendte spørsmål. Lattermild, informativ og effektiv.

Sjekk ut The Shop Talk Show

2. Codenewbies

Flott «all-round» programmeringspodcast. Sjølv om podcasten retter seg mot programmererar som er nye i gamet så lærer eg alltid noko nytt kvar gong eg høyrer på og lar meg inspirere. Kudos til utvikleren Saron Yitbarek som har klart å skape eit veldig støttende nettsamfunn rundt programmering.

Sjekk ut Codenewbies

3. Unfinished Business

Ein podcast med god gammeldags drøsing ikring diverse webtema og webindustrien generelt. Programverten Andy Clarke er ein ringrev med fleire tiår i gamet som sjølvstendig næringsdrivande. Ein kan sei at det er mindre konkrete «takeaways» per episode, men det er ein fin podcast for å berre la tankene svirre litt ikring den internettbusinessen som me jobber i kvar dag.

Sjekk ut Unfinished Business

4. JSJabber

Podcasten sentrerer seg rundt javascript uten å bli repetetiv. I ein tid der rammeverk og bibliotek florerer som løvetann er det fint å kunne lene seg tilbake med ein podcast og la programvertene stille spørsmål på dine vegne. Charles Max Wood, Joe Eames og Aj O’neal er ein sympatisk gjeng utviklerar som det er chill å høyre på.

Sjekk ut JSJabber

5. Full stack​ r​adio

Dette er ein relativt ny podcast av Adam Wathan som tek for seg tema som javscript rammeverk, programvarearkitektur, api design, css semantikk, BDD, DDD osv.. Tidvis programmeringsfilosofisk, alltid lærerikt.

Sjekk ut Full stack ​r​adio

Dette er sjølvsagt berre toppen av isfjellet av programmeringsrelaterte podcasts. Eg høyrer på desse på ukentleg basis og får mykje ut av det. Dessuten er det kjekt å sjekke ut episodenotata for lenkelister med det som er verdt å vite i fylje intervjuobjekta.

Løp og lytt. :)

Skriv en kommentar

  • *

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>