Cookie-advarselen må døy

Netlife
Netlife
Published in
5 min readJan 14, 2016

--

Cookie-advarsler er øydeleggande og unødvendige. Vi anbefaler alle norske nettstader å slutte med det.

[caption id=”attachment_25387" align=”alignnone” width=”620"]

Rema, dagsavisen, mfl.

Rema 1000, Ruter, Dagsavisen og NF Kino er nokre av dei som øydelegger for seg sjølv og brukarane sine med heilt unødvendig cookies-advarsel.[/caption]

At cookies-advarselen er unødvendig er fastslått opp og ned i mente frå før.

Likevel fortsetter mange å plage brukarane sine med pop-ups, frames, bannere og andre brukarfiendlige interaksjonsmekanismer.

Slutt med det!

Dersom nokon fortsatt skulle være i tvil

  • Det er INGEN krav til at brukaren aktivt skal samtykke til bruk av cookies på norske nettstader.
  • Aktive cookies-advarsler i form av pop-up eller frames er IKKJE påkrevd i norsk lovverk.
  • I stort sett alle tilfeller er det tilstrekkeleg å ha ei tydelig LENKE til utfyllande informasjon om «cookies» eller «informasjonskapsler» i BUNNEN av sida.
  • Det som er viktig er at lenka er “godt synlig”, og at sida det blir lenka til inneheld god informasjon om korleis cookies blir brukt på nettstaden.

Cookie-advarselen må døy fordi

  1. Den blir ikkje klikka vekk
    I Netlife Research gjennomfører vi hundrevis av brukartestar kvart år, der reelle brukarar gjennomfører reelle oppgaver på norske nettstader. Det gjennomgåande mønsteret er at majoriteten av brukarar ikkje klikkar vekk advarselen. Vi har også gjort kvantitative undersøkingar som viser at så mange som tre av fire lar være å klikke den vekk, også på mobil.
  2. Ein mulig årsak til dette er at folk flest har lært seg å oversjå advarselen. I brukartestar med eyetracking registrerer vi at svært få legger merke til den, nesten uavhengig av størrelsen. “Cookie blindness” har blitt den nye “banner blindness” (dvs at folk overser alt som liknar på bannerannonser).
  3. Den skjuler kritisk informasjon
    Advarselen tar verdifull skjermplass og skjuler viktige handlingsdrivarar nedover på sida. Vi ser ofte i brukartestar at folk lar være å scrolle når dei oppfatter at sida visuelt er avslutta i det første skjermbildet. Det gjer den svært ofte med cookie-advarsel..
  4. [caption id=”attachment_25359" align=”alignnone” width=”620"]
Cookies-advarsel i bunnframe på telenor.no gjer at brukaren oppfatter sida som avslutta. Mange lar dermed være å scrolle, og får ikkje med seg viktig informasjon og kjøpsknappar nedover på sida.
  1. Cookies-advarsel i bunnframe på telenor.no gjer at brukaren oppfatter sida som avslutta. Mange lar dermed være å scrolle, og får ikkje med seg viktig informasjon og kjøpsknappar nedover på sida.[/caption]
  2. Dette er ille på desktop, men katastrofalt på mobil. Vi har sett mange tilfeller der cookies-advarselen fyller halve skjermen, men folk surfar likevel vidare utan å fjerne den. Resultatet er ofte at folk gir opp å få gjort det dei kom for.
  3. Tapte inntekter og tapt produktivitet
    Vi har vært vitne til fleire titals tapte salg og konverteringar på norske nettstader som følge av unødvendige cookies-advarslar. Basert på mønstrene vi har observert er det eit forsiktig estimat at norske nettstader til saman går glipp av million-inntekter som følge av dette.
  4. Norske nettaviser er i krise, og heilt avhengige av at lesarane er fornøgde med produktet og får til å abonnere. Likevel velger aviser som Dagsavisen og Dagens Næringsliv å gjere jobben vanskelegare for seg sjølv med ein heilt unødvendig cookies-advarsel.
  5. I tillegg til tapt forteneste kjem også produktivitetstap fordi folk bruker lengre tid og mister fokus fra det dei kom til nettstaden for å gjere.
  6. Advarselen blir også gjentatt gang på gang når folk logger inn på forskjellige plattformer fra mobil, nettbrett og pc. Og sjølv om folk aktivt klikker vekk advarselen, eller når den forsvinn ved videre navigasjon, så gjer den det vanskelegare for brukaren å få løyst toppoppgava si på nettstaden.
  7. I den grad advarselen faktisk blir lagt merke til og klikka vekk gir dei fleste testbrukarane våre uttrykk for frustrasjon og irritasjon. Heller ikkje bra for brukaropplevinga.
  8. Samtykke er ikkje nødvendig
    Det bygger på ein rein misforståelse at norske nettstader må ha samtykke til cookies frå brukaren.
  9. - I forhold til den norske ekom-lova er samtykke gitt så lenge innstillingane i nettlesaren er satt til å godta cookies, og det finnes klar og tydeleg informasjon om bruk av cookies på nettsida. Det stadfestar seksjonssjef Ørnulf Storm i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), som forvalter den norske ekom-lova, til Netlife Research.
  10. Nokre EU-land har valgt ei strengare regulering, ved at dei krev aktivt samtykke i form av pop-up når ein kjem inn på nettsida. Aktørar som opererer frå andre land bør difor sjekke regelverket i opphavslandet.
  11. - Men norske aktører skal følge norsk regelverk, presiserer Ørnulf Storm.
  12. Lenke i bunnen er tilstrekkelig
    Fleire med oss meiner at misforståelsane rundt cookies-advarsler skuldast uklar kommunikasjon frå Nkom. Mange har mellom anna mottatt eit generelt advarsel-brev som det er veldig lett å mistolke.
  13. Saken er at Nkom gjerne kunne ØNSKE SEG at nettstadene lenker til cookies-informasjon “fortrinnsvis i form av topptekst, tekstboks eller pop-up”. Men i praksis vil det i nesten alle tilfeller være TILSTREKKELEG å ha ei tydeleg lenke i bunnfeltet av sida.
  14. - Det er mulig å ha en lenke til informasjonskapsler/cookies i bunnen av sida, så lenge lenken er lett synlig og de andre informasjonskravene er oppfylt, bekrefter Storm i Nkom.
  15. På spørsmål kan ikkje Storm vise til eitt einaste konkret tilfelle der ei tydeleg lenke i eit tydelig bunnfelt på sida ikkje har oppfylt synligheitskravene.
  16. (Eit mulig unntak er lange sider med “uendeleg scrolling”, som i så fall bør ha ei synleg tekstlenke ein annen stad enn i bunnen.)

Vår anbefaling

Vi anbefaler å fjerne den aktive advarselen og heller legge ei tydelig lenke kalt “informasjonskapsler” eller “cookies” i footeren på sida (der dei fleste også vil forvente å finne den).

Alle som likevel er usikre bør ta kontakt med Nkom direkte for å avklare at lenke i bunnen er tilstrekkelig:

Seksjonssjef
Ørnulf Storm
Tlf: 97072696
E-post: ornulf.storm@nkom.no

Seniorrådgiver
Elise Knutssøn Lindeberg
Tlf: 90190947
E-post: elise.lindeberg@nkom.no

Desse bør slutte med cookies-advarsler

Her er nokre av nettstadene som overoppfyller kravene til synligheit og samtykke til cookies, og bør slutte med det:

Kven fleire bør kutte cookie-advarselen? Tips oss i kommentarfeltet.

--

--

Netlife
Netlife

Digitalbyrå i Oslo og Bergen. Vi lager lager digitale tjenester folk har glede og nytte av.